Erklæringa skal gje informasjon om korleis Ål kommune behandlar personopplysningar og kva rettar registrerte har.
Det er behandlingsansvarleg som avgjer føremålet med behandlinga av personopplysningar og som er ansvarleg for at personopplysningslova og personopplysningsforskrifta vert fylgde.
I kommunen er det rådmannen som er behandlingsansvarleg.
Personopplysningslova
Personvernerklæringa følger føresegnene i Lov om behandling av personopplysningar med tilhøyrande forskrift. Les meir om personvern på nettsidene til Datatilsynet.
Personvern og teieplikt
Tilsette i Ål kommune pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til personlege opplysningar om deg.
- Vi sikrer at berre tilsette med tenestleg behov får tilgang til dine personopplysningar.
- Vi sikrar at opplysningane ikkje kan bli endra eller sletta av andre enn dei som har autorisasjon.
- Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre oppgåvene våre og gje deg ei best mogleg teneste.
Føremålet med behandlinga av personvernopplysningar
Opplysningar du fyller inn i skjema, vert oversendt elektronisk til Ål kommune. Kommunen må samle inn desse opplysningane for å saksbehandle førespurnaden din. Ål kommune ynsker å gje deg eit digitalt svar på førespurnaden din.
For at me skal vere sikre på at du som mottek svaret er rett person, blir du beden om å fylle inn fødselsnummer i våre skjema. Alle personopplysningar vil bli behandla fortruleg og vil berre bli nytta til saksbehandling av den aktuelle saka.
Fødselsnummer vil aldri syne på offentleg tilgjengelege dokument.
Rett til innsyn og sletting av personvernopplysningar
Du kan når som helst be om å få vite kva for personopplysningar vi har om deg, kva dei nyttast til og korleis dei er innhenta. Dette gjeld både manuelle og elektroniske register. Om du finn at opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane retta eller sletta, såframt det føljer norsk lov.
Vidareformidling
Kommunen skal ikkje selje, bytte eller vidareformidle informasjon om deg til tredjepart utan at du har samtykka til dette.
Sikker dataoverføring
Alle opplysningar som overførast mellom di datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon.
Personvernombod
Ål kommune har Personvernombod som du kan kontakte om du har spørsmål om kommunen si behandling av personopplysningar. Personvernombodet skal jobbe for at personvernet vert ivaretek på ein god måte, både for tilsette og innbyggjarar.
Personvernombod:
Inger Lervåg
epost: personvernombudet@aal.kommune.no
Tlf: 32 08 50 00