Folkehelseforum UNG 2024

Folkehelsegruppa i Hallingdal: f.v. Live i Hol, Mari i Flå, Hege Malene på Ål, Anne Lene på Gol, Magnhild i Nesbyen (ikke på bildet). Fagleg koordinator i Hallinghelse Ninni Dypedokk, SLT-koordinator Ole Reidar Lågrinn, og Heidi folkehelsekoordinator i Hemsedal og interkommunalt i Hallinghelse. Britt Reidun, prosjekt leder for læring og meistring for barn og unge, ikkje på bildet, bidrog og i planlegging av fagdagen.

Folkehelseforum Ung 2024 gjekk av stabelen på Ål kulturhus 28.august og ca 550 vidaregåandeelevar og lærarar i Hallingdal deltok!

Folkehelsegruppa i Hallingdal, Hallinghelse, SLT-koordinator, ungdomslosar og politiet er alle opptatt av god helse og førebygging i samfunnet! Sammen ynskjer me alle at barn og unge skal vekse opp i gode lokalsamfunn, trivest og ha det godt.

I vinter kartla me kva som finnes av rusførebyggande tiltak, og etterspørsel etter faktainformasjon og meir kunnskap om rus og ulike rusmidlar var noko av det som kom fram, som er bakgrunnen for dette arrangementet.

Difor inviterte me Rusinfo med Sturla Naas Johansen, til å informere om rusmidlar, konsekvensar av rusmidlar og deling av statistikk. Det er viktig å få fram at dei fleste unge ikkje brukar illegale rusmiddel.  

Politiet med Kari Møllerplass oppmuntra ungdommen til å ta kontakt og snakke med politiet.

Ynkjer du å lese Folkehelsegruppa sin rapport om rusførebyggande tiltak, finn du rapporten her: